lørdag 24. september 2011

Pappapermens nedside

Jenny er fødd og no over 4 månadar. Kona nekter å ta meir mammaperm.

Førre pappaperm var som å ta eit djupdykk ned i den ytterste avgrunnen i mitt indre sjelsliv for så fire månadar deretter å dukke opp igjen som ein halv mann. Sedat og samarbeidsvilleg, utslitt og litt skvetten og introvert, og veldig redd for verda rundt.

Fyrst no byrjar ting å verte normalt.

Eg likte ikkje kven eg blei etter desse månadane.  Små usynlege forandringar sneik seg inn. Eg blei spesielt opptatt av tryggleik i heimen. Hemper på skapdører. Fastskruing av kommodar. Lagring av batteri langt vekk (i boden). Handvask 4 gonger i timen.

Det stoppa ikkje der. Lanolinet frå ubehandla ull er ekstremt bra for huden til eit spedborn. Korken på matglaset frå HIPP skal ein passe seg for. Kva gjer ein når det økologiske alternativet har bromerte flammehemmarar. Berre lyden av orda: Bromert flammehemmar. Best med sjølvplukk eller Helios. Eigen koking og produksjon av mat. Først vasking. I tilfelle miljøgifter.

Viktig med rolig musikk. Bra for spedbornet. Buddah, bærekraft og kunsthandtverk.

Organisering av kjøkkenskuffer og panisk leit etter tilbod på kjøkken maskiner.  Baking kvar dag. Kokt mat, ikkje steikt.

Til slutt sitter ein å griner til Dagsrevyen.

Pappaperm er utfordrande. Og no er det altså på han igjen.... Og det på den verst tenkelege staden på jordkloden; i den mest politiske korrekte, økologiske og offentleg drivne, batikkaktige kommunen i Noreg; nemleg Nesodden.

I dei neste månadane skal eg sjekke om det går an beholde sin eigen identitet som mann gjennom den massive psykologiske påkjenninga det er å vere primæromsorgsperson på denne halvøya, som er som teken ut av den angstridde "Kjærleikens ferjereiser".

Mitt prosjekt skal vere å finne ut om min mannsidentitet, mine interesser og meiningar kan behaldast intakt i denne perioden. Eg skal systematisk kartlegge kva metodar som kan nyttast for å få dette til. Det blir hardt og det blir krevande, og det vil kreve sin mann.